page view image

Balejazz 2026 - Kristin Asbjørnsen og Olav Torget

Information
event image

Kristin Asbjørnsen er ei av dei mest originale og kritikarroste stemmene i norsk musikk dei siste 30 åra,. Ho har eit særmerkt uttrykk som har nådd publikum langt utanfor Norge gjennom ei rekkje plateutgjevingar og internasjonale konsertar.

Denne konserten tek utgangspunkt i songane frå Traces of You og Asbjørnsens djupt personlege tolkingar av afroamerikanske spirituals, inspirerte av arven etter Ruth Reese. I tillegg presenterer ho nokre nye norskspråklege songar frå den kritikarroste bestillingskonserten til Cosmopolite sitt 30-årsjubileum.

Musikken er poetisk, meditativ og sterk, der stemma står i sentrum – i tett samspel med gitarist Olav Torget. Resultatet er ei nær og intens konsertoppleving, prega av melodisk klarleik, klangleg djupn og sterkt musikalsk nærvær.


Kristin Asbjørnsen, vokal / Olav Torget, gitar og vokal




balejazz kvikne ciderhuset kristinasbjørnsen

Restrictions

Konserten har 18-års aldersgrense

Waiver

Billettar refunderes kun ved avlyst arrangement!