Balejazz 2026 - Maridalen & Lars Lillo-Stenberg
Maridalen og Lars Lillo-Stenberg ga i fjor ut EP-en Fransk utgang, spelt inn i eit hus i den vesle franske landsbyen Sanxay. Låtane vart skrivne og komponerte i fellesskap under opphaldet. Dei krinsar rundt reiser, observasjonar frå landsbyen, lengsel, undring og kjensla av å kome heim att. Tekstane reflekterer kva det eigentleg tyder å reise bort – og kva ein oppdagar undervegs.
Når Lillo-Stenberg sitt særeigne uttrykk møter Maridalen sitt opne, nordiske kammerjazzuttrykk, oppstår ein musikk som er både melodisk og forteljande, open og nær.
Anders Hefre, saksofon og klarinett / Jonas Kilmork Vemøy, trompet / Andreas Rødland Haga, dobbel bass / Lars Lillo-Stenberg, gitar og vokal
Restrictions
Konserten har 18-års aldersgrense
Waiver
Billettar refunderes kun ved avlyst arrangement!