Balejazz 2026 - Sigrid Moldestad band
Sigrid Moldestad er kjend for si forteljarglede og kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre. Musikarane i bandet pregar musikken med sine bakgrunnar i ulike sjangrar: Visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalsk overskot som rører.
Det nye albumet som kjem i mars, er forankra i både naturen Sigrid Moldestad kjem frå, bygdeliv, samliv, foreldreskap og undringar kring dei store spørsmåla. Fjella lurer i bakgrunnen og kjærleiken til folkemusikken ho kjem frå er aldri langt unna.
Sigrid Moldestad, fele og vokal / Sigbjørn Apeland, tangentar / Kåre Opheim, trommer / Jørgen Sandvik, gitarar / Anders Bitustøyl, bass / Roald Kaldestad, gitarar
Waiver
Billetter refunderes bare ved avlyst arrangement