Balejazz 2026 - Arild Andersen

page view image
Event date

Saturday 9 May 2026 16:00

Ends Saturday 9 May 2026 17:30
order

Available items

Enkeltbillett
Konsert med Arild Andersen, på Ciderhuset, laurdag 9. mai 2026 klokka 16.00. Konserten har inga aldersgrense
event image

Event information

Arild Andersen er ein av dei mest sentrale bassistane i europeisk jazz. Sidan 1970-talet har han markert seg internasjonalt, mellom anna i Jan Garbarek Quartet og i samarbeid med namn som Don Cherry, Stan Getz og Pat Metheny.

Han har gjeve ut 25 album på ECM og vart i 2022 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for innsatsen sin for jazzmusikken. Det nyaste albumet, Landloper, er eit solo livealbum.

I solokonsertane kombinerer Andersen akustisk kontrabass og elektronikk i sanntid – alt er improvisert. Musikken spenner frå store klangflater til nakne, lyriske augeblikk, med den særmerkte bassklangen som raud tråd.

Arild Andersen, bass


Waiver

VI refunderer kun billetter ved avlyst arrangement!

Tags

balejazz
kvikne
ciderhuset
balestrand
arildandersen
Organizer
Balejazz