Help
© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Marius Neset er ein musikar med eit breitt og sjangeroverskridande uttrykk. Musikken hans kan skildrast som moderne samtidsjazz med høg kompleksitet, stor fridom og eit sterkt melodisk fundament. Kvar konsert utviklar sitt eige uttrykk.
Han har skrive tre orkesterverk for det internasjonalt anerkjende London Sinfonietta. Han har også skrive verk for Bergen Filharmoniske Orkester, KORK og fleire leiande storband i Norden.
Albumet Geyser frå 2023 fekk strålande mottaking internasjonalt, mellom anna ein andreplass på The Guardian si liste over dei beste jazzalbuma det året.
Neset har vunne og vore nominert til ei rekkje prisar, mellom anna Spellemannprisen, ECHO Jazz og Edvard-prisen. Han har også vore nominert til Nordisk råds musikkpris.
Marius Neset, tenor- og sopransaksofon / Elliot Galvin, keyboard / Magnus Hjorth, piano / Conor Chaplin, bass / Anton Eger, trommer