page view image

Balejazz 2026 - Eva & the Heartmaker

Informasjon
event image

I år er det 20 år sidan Eva & The Heartmaker såg dagens lys. Det som starta med ei handfull låtar i eit lite studio, voks raskt til eit band som sette tydelege spor i norsk pophistorie.

Vi skrur tida tilbake til 2006: Nyslått TV-kjendis og låtskrivar Eva Weel Skram sit på golvet i eit lite studio med eigenskrivne låtar, store draumar og eit sterkt ønskje om å vere noko meir enn «Idol-Eva». Ho har samstundes funne kjærleiken på Idol-turneen. I det provisoriske studioet til gitarist Thomas Stenersen tek dei til på debutalbumet som skal bli starten på ei lang og fruktbar karriere som Eva & The Heartmaker.

Den gong var det NRK P3 som peika ut nye popstjerner. Låtar som «Superhero», «Joanna», «Signals», «Gone in a Flash» og «Mr. Tokyo» gjekk rett inn på radiolistene – og inn i liva til ei heil generasjon.


Eva Weel Skram, vokal / Thomas Stenersen, gitar


balejazz kvikne kviknesalen evaandtheheartmaker

Restriksjoner

Konserten har 18-års aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Billettar refunderes kun ved avlyst arrangement!